tirsdag 22. juli 2008

Greyhound og Magnetic Island

"These buses do tend to leak when it's rainy. So if it drips on you, please feel free to switch seats." Idag har turen gaatt fraa Magnetic Island og Townsville til Airlie Beach.

Paa Magnetic Island har dei eit "Koala Sanctuary". Saa der var me. Og me suste rundt heile oeya paa ein toseters scooter. Herleg! Det var kupert terreng der, den eine bakken hadde ein stigning paa 14%! Det er mykje. Og i akkurat den bakken koeyrde me forbi ein mann paa ein scooter. Oppover altsaa. Stas.

Vaer forsiktig, elles kan du faa ei kokosnoett i hovudet!

Kule tre med roettene ovanfor jorda. Iallefall er det vaar teori.

Horseshoe Bay paa Magnetic Island

Utsikt fraa balkongen utanfor rommet vaart paa Arcadia Magnums


Eit av dyra i Koala reservatet ved Bungalow Bay paa Magnetic Island. Hugsar ikkje kva for art dyret var, men det heitte Kelly og var omlag 6 mnd gammalt.

Dette er ein babykrokodille. Saman med guiden.

Lise er i ferd med aa verta kjend med ein pytonslange.

Ogsaa babykrokodillen vart sendt rundt, men det var foer guiden hadde tatt tapen av munnen. Saa veldig skummelt var det ikkje. Den laag heilt i ro i hendene vaare...

Festleg dyr. Trur den proevde aa stikka av fraa meg...
Dette er Captain. Ein kakadue. Den likar ikkje mannfolk. Daa stikk den av. Men damer faar lov til aa klappa den. Saa lenge handa er rett over hovudet paa den, og ikkje paa sida, slik som eg gjer akkurat her... Dette var nemleg sekundet foer Captain beit meg i tommelen. Berre litt. Guiden hadde gjort mange testar, mannfolk med dameparfyme, mannfolk i dameklaer, homofile og lesbiske... Alltid godtek kakaduen kun damene. Saa hypotesen er at den kan lukta testosteron... Fordi ein mann som tydeleg hadde bygd musklar, og etter guiden sin meining tatt steroider fekk lov til aa klappa den... "I knew steroids did weird stuff to people..."
Dette er koalaen Barney. Me fekk halda den og. Kosedyr med lange kloer.

I Australia er dei glade i skilt. Av alle typar. Som dette til doemes. Eg likte det.

Scooteren me reiste rundt oeya med. Den heitte Matilda.

Utsikt. Det vart jo eit fint bilete daa!

Me har det fint!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hallo turistar.
Ser ut som dokke kose dokke ja, det er bra. kjempekoseligt å lesa om ka dokke oppleve dar nere. Me vente spennt på neste oppdatering. Var forsiktige. Stor knip frå mamma / mamma Gunn

Miss Wonderhill sa...

konge!
eg sku så vilt vært med!
eg må komma meg ner der med ein gong!