onsdag 9. juli 2008

Trygg i fare

Guds vesle barneskare er ikkje trygg frå fare, men trygg i fare. Her er ein vesentleg forskjell. Guds vesle barneskare vil møta farer, men midt i farene vil me vera trygge, av di me er i Guds hender. Og der er det trygt å vera.

Du er i Jesu hender
når bølgene går høgt
I Jesu hender
når alt i deg er mørkt
Du er i Jesu hender
i alt som med deg skjer
I Jesu hender
om ikkje du det alltid ser