mandag 25. august 2008

Forresten...

... så er eg i Noreg att no. Nærmare bestemt i Oslo. Me landa på Gardermoen forrige sundag kveld etter ein snartur innom Tokyo og tidenes mest kompliserte doer, og ein liten kaffipause på Heathrow. Fram til fredag sov eg på rommet til Gunn June, og no okkuperer eg eit gjesterom på Romsås. På sikt skal eg flytta til eit kollektiv på Lambertseter, og i morgon byrjar eg på skulen. Engelsk årsstudium. På pinnane har eg no ein sokk (Clover Lace Rib) og ei luve (augustluva, Lina) (Det eg har her i Oslo, vel og merka. Eg nemner ingenting om det som framleis ligg heime på Åkra...), og så har eg byrja på eit bestemorsruteponchopledd (sjå der, eg snekra eit nytt ord!). Men det tek tid. Eg har meldt meg på hemmeleg ven på hobbyforum. Det blir spanande. Og det er solsolsol!

Etter G2 i Storsalen i går skulle eg og Tone sjå film. Men me klarte ikkje å opna opp luka på dvd-spelaren der me liksom skal leggja disken oppi. Den hadde heilt låst seg.

4 kommentarer:

Kasper Tangen sa...

Fantastisk!

Miss Wonderhill sa...

hehe=) vidle iq sperra den dvd greiå....

Anonym sa...

før bodde eg på romsås

totliii sa...

e d sant kristin? visste kje du hadde budd nogen andre plasser enn haugesonn eg. tiurleiken borettslag. ;)