fredag 30. januar 2009

Eg er benka framfor fjernsynet med ein nysteikt grandis, ei mjelk, ei skål knaz og litt rosiner, samt litt handarbeide ved mi side. Alt er tilrettelagd for ein fin kveld!

Onkel er på Ullevål. Då han kom på tysdag kjøpte han litt ekstra extra; ein kupong kvar til meg og Gunn June. Eg var 2 frå bilete... Og så kjøpte han eit kryssord-flaks til kvar av oss. Snille onkel! Eg vant femti kroner på mitt, og veksla det inn i eit nytt kryssordflaks og eit nytt flakslodd som heiter reiseflaks. No skal eg skrapa!

Dei to siste dagane har eg vore vikar på Munkerud skule som ligg 12-15 minuttar frå meg. Eg har mellom anna joika for elevane. Eg kan ganske nøyaktig ein joik...


Dette er skapdørene på rommet mitt. "tetelestai" er eit hebraisk ord (trur eg?), som i norske biblar vert oversett med "det er fullbrakt" - Jesu siste ord på krossen. Men ordet er så mykje meir... I gamal tid var dette ordet som vart skriven på rekningar etter at dei var betalte, og same ordet vart stempla på attestar som sa at ei straff var ferdig sona. Den franske oversetjinga liknar på ordet "perfekt". Eg vart minna på ordet att i bibelgruppa gjennom boka me les der - "Mer lik Jesus", skriven av Rick Warren, mannen bak "Målrettet liv" og "Målrettet menighet". Det er heilt fullstendig ferdig, heilt over, alt er gjort ferdig, straffa er sona, synda er betalt!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Du Totli, du Totli.
Koseligt med oppdatering alse, kan godt skje litt oftare :-)
Fantastisk flott ord, så godt å lesa. trur nok det skal bli brukt på ein bønnestasjon ein gong.
Flott at du er oppom ullevåll og ser om an onkel, snakka nettopp med han og han syns det var så kosligt med besøk.
Goknip frå mammen

MARGOT TANGEN sa...

Amen!! :-) (eg tippe gresk)
Jippi!! Liv i denna bloggen og!! :-D Du e litt treige. Mjelk hørrtest godt ut.

Sang Tao - Judith sa...

Åy, du hadde mången bloggar du..:) Men tippe det e her eg ska skriva?
I går va eg sjå mammen din å leverte nogen spel frå Margot. Hu hadde karamell i monn å klarte nesten ikkje å snakka me meg;) neida, vakje så gale, men u sa hu hadde karamell i monn..

totliii sa...

ja... eg va litt inne på om d konne vore gresk, margot, men så tenkte eg atte jesus snakkte jo kje gresk...? så defor foreslo eg hebraisk, men så ittepå så slo d meg atte jesus snakkte jo arameisk.

men jedna d e gresk likavel.

haha, d va godt u mamma fekk spelene sine omsider jaffal! tippa u har venta lenge på dei... Ü

Anonym sa...

Det va kjempeflott atte u Judit kom innom med spelene TAKK t hena for d. Og TAKK t na Margot så henta di på spillskrinet. Gjett om me har spelt flinch da, knallkjekkt. I dag har me vore hjå fam Eriksson og spelt så nå ska u marianne og kjøpa seg flinch.
mams

MARGOT TANGEN sa...

Å. Ja jedna arameisk. Men Hebraisk e jo kje sånår bokstavar lixom. Eg kan kje skriva her koffår eg avbestillte internetten, for då kjeme jedna nogen stygge mannar å øylegge. (jedna di ikkje ser inni parantesen? Eg har ein nabo... ) :-p