tirsdag 24. februar 2009

Feitetirsdag

I går var det blåmandag. Då åt eg opp restane av kjøtsaus eg hadde i kjøleskåpet saman med litt spaghetti, samt dei siste to skivene av servelat.

I dag er det feitetirsdag, og leverposteiboksen vart tømt.

I morgon er det askeonsdag, og starten på fastetida. Den varer fram til påske, det skal verta om lag 40 dagar på ein eller annan måte.

I 2009 e.Kr. fastar eg frå kjøt, unaudsynleg pengebruk og fjesbok. Men, som me snakka om på bibelgruppa (som moglegvis har fått namnet Fokus) på måndag; det viktige er ikkje kva ein fastar frå, men kva du fyller inn i staden for. Planen min er at dess mindre pengar eg nyttar på meg sjølv til ting eg strengt tatt ikkje treng, som iskaffi, kino eller nye cd-ar, dess meir penger kan eg gje til gode formål som kan fremja Guds rike på jord, som til dømes kyrkjelyden min. Fjesboka fastar eg frå av di den tek opp store delar av tida mi - den tida kan nyttast til å verta betre kjend med Gud. Dette med kjøt har eg eigentleg ikkje nokon god grunn for, det er meir av di det er tradisjonelt. Det kan vel vera lov det og?

Fastetida er ei førebuingstid som leier fram mot den store kristne høgtida påsken. Difor er og den liturgiske fargen i kyrkja i denne perioden lilla. Som i advent.

Eg vil og oppfordra deg: Korleis vil du bruka fasten?

6 kommentarer:

Anonym sa...

Du e jammen meg flinke :D

MARGOT TANGEN sa...

Ja d syns eg og!! Du e meste lika flinke så ås ;-)

Anonym sa...

Å me e jammen meg flinke! ;-)

MARGOT TANGEN sa...

Nei nå må me kje vara for sjølgo Ingunn!!

Anonym sa...

Nei me e barra erligge :-D

Anonym sa...

Ja d va sant :-) Me e jaffal kjempegla i na Totli :-D Go påske!