fredag 13. februar 2009

Det er litt fint og...

Forrige fredag var eg vikar på Lambertseter Skole, i ei gruppe på tredje trinn. Lettare forvirra går eg ut i skulegarden med ein svær kasse full av Early Start-effekter klokka kvart over 8, for det er då skuledagen byrjar her, får peikt ut elevane som er mine for dagen av ei anna lærar på trinnet, dei er i ferd med å stille seg opp på rekkje. Ungane fremst forstår kjapt at det er eg som skal vera saman med dei idag, og spør kva me skal gjera i fyrste time, kor me skal vera, når me skal lesa brev og om nokon kan få lov til å lesa gåter i matpausen. Desse små skuleelevane har ikkje fått på plass dei sosiale hemningane som pregar folk i samfunnet endå. Dei kjem nok etterkvart, men førebels vert dei bestevener med einkvar som møter dei med eit smil.

Sjølv må eg berre late som om ikkje eg heller har slike hemningar. Det er litt fint.

2 kommentarer:

linn sa...

Det e det som e så herligt me ongar, ingen menneskefrykt og ærlige som bare det! Me e heldige som e lærarar ;O)

Anonym sa...

det e sånn det ska vær, eg og vil vær sånn....