fredag 24. april 2009

Ny lærdom

Ein kveld i selskap med Leiv Magnus kan leia til mykje ny lærdom.

  • Framandord: perpleks (joda, når eg fekk tenkt meg om så visste eg kva det tydde, men det kom ikkje til meg heilt med det same liksom, så eg fekk lært det på ny)
  • Opphavet til uttrykkjet "riding shotgun"
  • Det siste var eit ord eg har gløymt allereie, men det var noko han eine kisen i Family Guy sa til bartendaren då han skulle kjøpe ein drink til ei blond berte, og det var i alle fall eit slang-uttrykk for rohypnol
Og sjølvsagt vart det litt filmrelatert kunnskap med på kjøpet og.
  • I "The Great Escape" finn ein same regissør, same filmmusikkomponist og same skodespelar (Steve McQueen) som i "The Magnificent Seven" (som er basert på ein japansk samurai film som er basert på ei amerikansk cowboy-historie. Slå den!)
  • Ein av dei fyrste spaghetti-western-filmane har Clint Eastwood regissert og spela i: "A Fistful of Dollars". Men dette er jo amerikansk spaghetti-western då.
  • Sergio Leone har regissert ein ordentleg, italiensk spaghetti-western. Trur eg.
Flink?

5 kommentarer:

totliii sa...

Men eg gløymde ein essensiell ting som eg har kome på att i ettertid:
Jerry Stiller, som spelar faren til Carrie i Kongen av Queens, og faren til George Costanza i Seinfeld, han er faktisk far i røynda og; faren til Ben Stiller.

mimouna sa...

Alltid kjekt med ny lærdom, man vet aldri når den kan komme til nytte. ;o)

Leiv Magnus sa...

EHEM. En liten korreksjon her. Clintern regisserte ikke "A Fistful of Dollars". Det var Sergio Leone. Clintern hadde hovedrollen.

Og slangordet for rohypnol var "roofie".

totliii sa...

å...crap... men eg va innpå noge da..? visst resten va rett så syns eg absolutt eg fekk lert møkje. :)

Leiv Magnus sa...

Joda. Du er flink. Det skal du ha.