onsdag 30. august 2006

Folkens!

Den vesle jenta har vorte vaksen! Eg var på kafé med Kathrine (har gått i KorInter, skal verte dokter)(ja, det er faktisk tillate å skrive dokter med e på nynorsk; tru det den som kan!) og fann ut at no skulle eg slå på stortromma og ta ein kopp kaffi. Så eg sa til dama bak disken (me fann ikkje heilt ut kva tittelen hennar var, det er jo meir enn berre servitrise, sidan ho lagar kaffien (okei, ikkje kvar einskild kaffibøne då, men du tek kanskje poenget!?), det er visstnok omlag på linje med konditor og slikt noko): "Kva vil du anbefale for ei som eigentleg ikkje likar kaffi, men har tenkt å byrje ein tilvenningsprosess?" "Mocca." sa dama. Så eg fekk ein mocca. Med ekstra sjokolade. Trur eg kan kalla det ein nybyrjarmocca. Det var ikkje så gale som ein skulle tru. Eg er litt stolt av meg sjølv no! Margot tykte ikkje noko om det. Ho om det!

Lesarinnlegg i Dagen:

Et spørsmål uten svar
Det startet med Big Bang - sier de lærde.
Før det? - spør de vise.
Kanskje en gud eksperimenterte - og var svært uheldig - tenker jeg.

Det var Erling Andersen frå Kattem som tenkte slik.

4 kommentarer:

Rolstad sa...

Mocca er jo kjempegodt. Bare vendt, snart drikker du svart kaffe. Jeg hata virkelig kaffe før jeg begynte på BiG. Pluttselig var det ikke så ille likevel. Men du, hvem andre skal ha barn? Er det hemmelig? Noen jeg kjenner? Hvis det er hemmelig foreslår jeg at du ikke forteller meg det. Da kan du bare si at det er hemmelig, men hvis det ikke er det, vil jeg gjerne få vite det. Ok?

Kasper Tangen sa...

Hei og hopp!
Eg og e ein nybegynnar når d gjelde kaffi. Eg lika berra kaffi attått is (d anbefalest!). Eg trur eg må prøva sånår mocca ting ein gong ja...

Har du lest "kristen med god grunn"? D e ei god apologetiske bok! D anbefale eg og. (eg e halvveis i den nå...)

ps: E d lov å ha parantes itte parantesen?

ps2: Shalom!

Kasper Tangen sa...

Ja gratulera! Hehe. Men viss du skrive 105 kommentarar itte kvarandre ein gong t, så berra slette eg di. Kun plagsomt... :-p

Bok: Åja hehe. Bra anbefaling i så fall. Du har lest na då altså?

ps: Du e kule du ;-)
Snakkes Rotli!

Anonym sa...

god start