tirsdag 19. september 2006

Forskning på fulle bananfluer

I helga har me vore på ein heilt herleg hyttetur med klassen! Ytst på Stolmen på Austevoll. Nyyydeleg ver å fin hytte og fint hav. Me har køyrd båt, både med motor, med årar og med segl (eg styrte fokken... flink jente!), me har fiska (eg fekk ein lyr og ein makrell, til saman fekk me 7 lyr og den eine makrellen min, til tross for at det krydde av makrellstimar rundt både oss i båten og dei på holmen), dei andre har bada (ja, eg er pingle. dessutan har eg vore litt halvgroggy ei stund og ville ikkje ta sjansen), me har nesten sola oss, nokon sov ute, me har spelt mengder av spel og høyrt alle historiane om båtar og skattar og brugdefiske og namna åt alle holmane og skjæra utanfor. Og sjølvsagt har me ete mykje god mat og store mengder med snacks og slikt noko. Kjempeherleg helg rett og slett! På turen heim måtte me slosst med bagasjerommet på bilen, venta litt for lenge på ei ferje avdi den fyrste ikkje ville ha oss med likevel, så då øvde me litt høyrelære. Flittige studentar!

Ein finn så mykje spennande å lesa om på forskning.no! Eg vert reint overraska kvar gong eg tek turen innom. No er det til dømes ein brite som har funne ut at det er ein samanheng med utdanning, lønnsinntekter og musikksmak! Slå den du!

Einaste brusen eg kan drikka utan å rista ut kolsyra fyrst er coca-cola. Forstå det den som kan. Eg har jo aldri likt cola eingong!

Denne blogger vert berre meir og meir merkeleg.

I går prøvde eg å fortsetja på kaffidrikkekuren min. Det vart ein total fiasko. Eg kjøpte ein mocca. Vanleg. Utan ekstra sjokolade. Katastrofe. Etter 3 store sukkerbitar klarte eg nesten å tvinga i meg ein halv kopp. Men berre nesten. Min plan om kaffitilvenjing er herved avslutta. Eg likar ikkje kaffi!! Basta! Heretter vil eg halda meg til kakao og te.

Takk for meg og Gud velsigne deg!

Ingen kommentarer: