tirsdag 26. september 2006

FSM/IPU

Kva skjer når Kansas vedtek å droppe evalusjonsteorien i skulane til fordel for kreasjonisme eller intelligent design? Jo, Bobby Henderson vert irritert, skriv eit ope brev til staten Kansas, og grunnlegg samstundes ein ny "religion": Pastafari; trua på The Flying Spaghetti Monster. Hilarious! Det er beint fram noko av det morosamste eg veit å lesa om! Wikipedia har sjølvsagt skrive om saka her. Artig!

Navnet Pastafari speglar på orda pasta og rastafari. Eg har jo høyrt om rastafari før, men innsåg plutseleg at eg har jo ingen aning om kva det er! Eg tenkjer på Jamaica å Bob Marley og dreads når eg høyrer ordet, men det var så langt eg kom. Wikipedia er ein fin ting. Her fekk eg læra at rastafari er ein religion/filosofi som har opphav i trua på at ein Etiopisk keisar er inkarnasjonen av Messias. Før han vart krona var namnet hans Ras Tafari Makonnen. Derav rastafari... Men så var det Jamaica. Det var nemlig fyrst då dei kom hit at afrikanarane skjøna kor stor denne einaste monarken i Afrika var, han vart jo trass alt kalla Kongenes Konge og Herrenes Herre og slikt noko! Her kan du lese meir.

Og når eg allikevel er inne på slikt noko, må jo the Invisible Pink Unicorn nemnast. Atter ein gong skuldar eg Wikipedia ein stor takk som har innvidd meg i nye lærdomar. Der ja. Ateistar tykkjer nemleg at vi som trur at det finst ein Gud er nokså dumme. Og når vi fortel dei om vår tru, så høyrest det om lag likt ut for dei som når dei fortel om deira eventuelle tru på den Usynlege Rosa Einhjørningen.

Altså, ein takk til Wikipedia og alle som lagar religionsparodiar!

Ingen kommentarer: