mandag 23. februar 2009

Bollesundag

I går bakte eg boller til Lise og Maren kom på besøk. Men av ein eller annan grunn smakte bollene rundstykkjer... Nokon som kan forklara det? Me åt i alle fall rundstykkjer med krem og syltety. Og så strikka/hekla me litt medan me drakk te. Ü

Maren er i gang med sin aller fyrste Calorimetry.

Lise fordjupar seg i boka "Hekling".

Lise syner stolt fram at ho har klart å byta farge medan ho hekla!

Eg driv og rotar med ei Gemma Beret...

På kyrkjekaffien i går var det fastelavnsrisverksted for borna. Etter at dei hadde gjort seg ferdige tok eg og Stine (ungdomsarbeidar) og Heidi (og Lars) for oss restane. Eg fekk nøyaktig ei og ei halv fjær på mitt ris. Heidi fekk to. Stine klarte seg med berre band. Men stolte var me alle!

Fine fastelavnsriset mitt!

I dag har eg lagt inn bileta frå resten av Australia-turen til meg og Lise i fjor sommar. Dei finn du her!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Haha, rundstykker med krem og syltetøy !

Anonym sa...

kanskje litt for lite sukker i' elle noge anna. så lenje di va etande så gjekk d vel bra, allti spennandes m noge nytt og da.
mams

MARGOT TANGEN sa...

Hahaha. Dåkke e kule.

totliii sa...

eg hadde dobbelt så møkje sukker i så oppskrifte sa... for eg samenligna me nogen andre å syns d va litt lite i utgangspunkte...