fredag 14. august 2009

Valkamp

Eg stiller til val til Menighetsrådet i Lambertseter no frå hausten. Og eg har kjempelyst til å bli med! 6 stk skal inn som faste medlemmer, og eg står som nr 6 på lista... Og sidan eg flytte til Lambertseter i oktober i fjor, altså for mindre enn eit år sidan, og ikkje vart aktivt med i kyrkjelydsarbeid før etter jul, så er det jo ikkje så skrekkeleg mange som kjenner meg endå, medan dei kanskje kjenner mange som står under meg på lista, så dermed er det ikkje sikkert eg får fast plass på grunn av kummuleringar (er det det det heiter) (hihi, der fekk eg til den fine tingen som er så vanskeleg for folk med rikare språk enn norsk å forstå..!), så eg driv valkamp!

Ein del av kollegene mine på Mortensrud bur på Lambertseter, og kan såleis stemma på meg (og Ingvild, sjølvsagt!) ved kyrkjevalet. Strålande! Kanskje vinn eg heile valet?

2 kommentarer:

MARGOT TANGEN sa...

Ka e den fine tingen som er så vanskeleg for folk med rikare språk enn norsk å forstå??

totliii sa...

den fine tingen e atte eg brokte d sama ore 3 gonger rett itte kvarandre i den eine parantesen!

"er det det det heiter" ville vore "is that what it is" på engelsk, altså 3 forskjellige or i plassen for 3 like!