lørdag 22. august 2009

Eg har ein ven på bussen.

Sjølvaste sjåføren, faktisk. Kvar dag kl fem på åtte når eg går ombord i bussen sit han der og smiler og seier "Go mårn, go mårn!". Og når Ingvild kjem på nokre holdeplassar seinare gjentek det same seg til ho. Så blir det ein koseleg busstur til jobb, før han vinkar ha det bra når me går av bussen.

Ingvild tykkjer det er leit at ho snart må byrje å ta ein annan buss, av di ho må levera dottera hjå dagmamma før ho reiser på jobb. Og eg som eigentleg hadde store planer om å sykla til jobb etterkvart lurer på om eg berre må fortsetja med å ta bussen...

Torsdagar startar eg undervisinga kl åtte, og må difor ta ein tidlegare buss. Igår då eg kom på åtte-bussen att, lurte venen vår på om eg hadde skulka på torsdag?

Det er fint å møta eit smilande anlet om morgonen.

Dagens oppmoding: Smil til dei du møter på din veg!

2 kommentarer:

Anonym sa...

For ein flott måte "din ven" møter passasjerane sine på.
Me har nok noko å lære av denne karen ja.
Keep smiling !!
Smil - det smitter. Sjå kor mange du kan smitte i dag.

linn sa...

Det er så herleg at det finst slike personar! Eg blei glad av å lese innlegget :O)