mandag 8. november 2010

Måltidet

Eg trudde eg var i siste nattverdsringen.


Men etter at presten hadde sagt "Fred være med dere", og eg reiste meg og snudde meg for å gå ned att til plassen min, møtte eg eit fantastisk syn.

Søndagsskulen hadde kome opp frå kjellaren. Og der stod dei, ungane, pluss nokre foreldre, og venta på at det var deira tur til å gå fram til altaret for å ta del i Herrens nattverd. Det var heilt utruleg nydeleg å sjå denne gjengen dekkja altarringen.

Takk, gode Gud, for alle dine velsigningar.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så utrulegt flott at dei tek sundagsskuleborna med opp for at dei skal kunne ta del i nattverden.
Eg blei så rørt av å lesa det.

Oddbjørg sa...

Me like! :)