tirsdag 12. desember 2006

Vikeplikt i Åkrakrossen!?

Adventskalenderen har mykje rart innhald for tida, bileta kjem på totli.fotoknips.no. Ingen dato er fastsett for publiseringa. Eg har no to adventskalenderar. Utanom sjokoladekalenderen. Den skal eg gjera ende på neste år. Men eg har i tillegg fått ein ikkje-berre-rosa adventskalender. Med mellom anna ei dagbok i ei øskje som kan spela musikk. Men når eg får den til å spela musikk, høgt og kvinande, den fyrste strofa av Für Elise om att og om att med berre 3 eller 4 feil, får eg den ikkje til å stansa att. Då må pappa juksa litt. Så den musikken skal ikkje spelast fleire gonger.

Eg har måla pauserommet på Stemnestaden. Eg er kvit på heile den høgre armen. Stakkar. Og eg har vore på konsert for min neste med Oslo Soul Children, Skudenes Soul Children, Road Service og Maren Flotve Birkeland. Og eg har vore på konsert med Nordic Tenors. Og eg har vore på Regnbuelandet! Og ungdomsklubben. Og ikkje Royal Rangers. Og eg har lese litt. Og sortert Donald-blader. Og spela Risk. To gonger. Ein gong med aktive og ein gong med passive nøytrale hærar. Og strikka litt og perla litt. Og ikkje hatt nett på PC-en, men no har eg nett på PC-en!

Og eg har høyrt mykje på P1.

tirsdag 5. desember 2006

4.5.desember

Orsak! To postar vert slått saman men det skal gå greit.

Det viktigaste fyrst: I den rosa adventskalenderen min fann eg i går garn. Knallrosa sådan. Kven vil ha knallrosa ullsokkar til jul?! I dag: Babyrosa hanskar! Det var fint, for eg hadde berre knallrosa og rosa/brun-stripete frå før. Glimrings!

I går fekk eg strikkedilla. Den har fortsett til i dag. Men i dag må eg og pakke til jul. Og det er ikkje ein enkel sak! Sykkelen min som har stått ute i regn og vind og det som verre er i nokre månadar har eg no klart å setja ned i boda. Godt jobba! Kulturtime med musikklinjekoret pluss M3 i ein utvida lunsjpause på skulen idag. Gløgg!! Det var bortimot fullt! Stas! I morgon er det test i gehør og JULEFERIE!!!! Kl. 14.00 set eg meg på bussen og når eg kjem heim skal eg vera med litlebror på avslutninga til Royal Rangers på Speidarplassen. Ryktene seier at det vert grautservering.

I kveld er Greys Anatomy på fjernsynet.

søndag 3. desember 2006

Tabula Rasa


Godt nytt år!

Nei, eg har aldeles ikkje gått frå konseptene! Idag er fyrste sundag i advent, og det tyder starten på eit nytt kyrkjeår! Hurra for den! No kan du starta på nytt med Gud! Blanke ark og slikt noko. Det kan du vel kanskje kvar dag i året eigentleg, men det er noko spesielt med eit nytt år likevel. Halleluja!

Det var ein roleg sundag idag. Rannveig drog til Ytre Arna etter konserten med Senit (biletet over) og Laudate (felleskoret under) i Betlehem igår aftans.

Etter konserten (som forsåvidt Tone Underhaug spanderte på meg) gjekk me på McDonalds av di Rannveig så gjerne ville spandera ein McFlurry på meg. Og det sa eg ikkje neitakk til. Med NonStop. Og LOKK!!

Dette er Tone Underhaug.

Du ser på Mona og Gunhild.

Iallefall, sundag. Dagens adventskalendergåve:

Er det mogleg!? Fantastiske folk! Eg ynskjer meg eit slikt headset. Det var knakande fint! På innsida av coveret er det ein (tilnærma?! kor fann de den??) fagleg tekst om kva rosa støy er. Det er faktisk all musikk! (Nesten. Bach, indisk raga og Beatles kjem innanfor.) Og veldig mykje anna. (Til dømes solflekkaktivitet og veksten i årringar på tre..!!??) Diggbart! Og kvifor er det rosa? Det ligg jo mellom kvit og brun musikk, så det er jo heilt sjølvsagt!

Innhaldet:
1. Rosa sangen
2. Pink Panther
3. Rosa helikopter
4. Pink Floyd
5. Pink
6. Pink - Aerosmith
7. Rosa
8. Rosa badeball
9. Pinky and the Brain
10. Jeg er Pinky

Eg elskar Rosa Panter! Det har eg alltid gjort! Eg hadde ein stor oppblåsbar plastikkfigur av Rosa Panter då eg var liten. Han var like stor som meg.

Og så har eg hengt opp julestjerne i vindauget mitt og pynta med englar. Og vore på gudstjeneste i Norkirken. Det var maaange folk der idag og alle vart att til kyrkjekaffi og støynivået var altfor høgt.

Gud velsigne deg!

lørdag 2. desember 2006

2. desember

I Rogagaten 1 har me kvar vår sjokoladekalender. Den til venstre er Rannveig sin og den til høgre er min. I midten er "Jul i Svingen"-kalenderen, den er Rannveig sin. Desse adventskalenderane skal prega kjøkkenveggen i desember. Det vil seie, min sjokoladekalender tar eg sannsynleg med meg heim til Åkra på onsdag.


Dagens adventskalenderinnhald. Det høyrer og til ein melding som tikka inn frå Signe idag tidleg:

"Å, gid jeg var en rosa elefant,
å, gid jeg var en rosa elefant.
Var jeg en rosa elefant,
da tenkte du på meg iblant,
å, gid jeg var en rosa elefant!"


Rannveig har aldri hatt sånn plakat med sånne klistremerker som du kan flytta rundt på. Så Rannveig vart overstadig lukkeleg (er det et uttrykk eg har dikta nett no?) då ho oppdaga kva som følgde med i "Jul i Svingen"adventskalenderen ho fekk igår.

Idag er det bakedag i Rogagaten 1!

fredag 1. desember 2006

1. desember

Eg har fått ein adventskalender. Ein rosa adventskalender. Utan avsendar. Takk til den/dei som har gitt meg denne, eg set stor pris på det! "Pink is not just a color it's an additude" står det på kortet.

Det eg ikkje likar er at nokon har gitt meg ein adventskalender utan at eg har hatt høve til å gje ein att sidan eg ikkje visste at den kom. Rannveig vekte meg med den idag tidleg. Det er ikkje ho. Seier ho. Og eg trur det. Så er spørsmålet: Kven er det?!

Mine logiske ressonement har for vane å ha ein logisk brest eller to, så noko slikt følgjer ikkje. Dessutan er det flaut om eg ikkje skjønar det. Kanskje. Eller kanskje var det meininga og for alt eg veit. Rannveig har gjeve meg to hint (som for øvrig ikkje hjalp det grann): "De e i alle fall nåkken så har såve hos åss, de e no heilt sikkert!" "Hadde nåkken av dei klart de åleine?"

Har du eit tips?

Eg har mine mistankar. Berre så det er sagt.

Ha ei god og velsigna adventstid alle og einkvar!!