tirsdag 12. desember 2006

Vikeplikt i Åkrakrossen!?

Adventskalenderen har mykje rart innhald for tida, bileta kjem på totli.fotoknips.no. Ingen dato er fastsett for publiseringa. Eg har no to adventskalenderar. Utanom sjokoladekalenderen. Den skal eg gjera ende på neste år. Men eg har i tillegg fått ein ikkje-berre-rosa adventskalender. Med mellom anna ei dagbok i ei øskje som kan spela musikk. Men når eg får den til å spela musikk, høgt og kvinande, den fyrste strofa av Für Elise om att og om att med berre 3 eller 4 feil, får eg den ikkje til å stansa att. Då må pappa juksa litt. Så den musikken skal ikkje spelast fleire gonger.

Eg har måla pauserommet på Stemnestaden. Eg er kvit på heile den høgre armen. Stakkar. Og eg har vore på konsert for min neste med Oslo Soul Children, Skudenes Soul Children, Road Service og Maren Flotve Birkeland. Og eg har vore på konsert med Nordic Tenors. Og eg har vore på Regnbuelandet! Og ungdomsklubben. Og ikkje Royal Rangers. Og eg har lese litt. Og sortert Donald-blader. Og spela Risk. To gonger. Ein gong med aktive og ein gong med passive nøytrale hærar. Og strikka litt og perla litt. Og ikkje hatt nett på PC-en, men no har eg nett på PC-en!

Og eg har høyrt mykje på P1.

Ingen kommentarer: