søndag 17. desember 2006

Babyland!

Denne meldingen fekk eg kl 18:13 igår frå Bjarte Mjølhus:

"Haha :p
Gjett kin som e blitt pappe da, og gjett kass kjønn d blei.. :D Joda, klumpen ligge pakkt inn i rosa teppe.. Dæ for et mirakel, me e pigede foreldre.."

Dei nybaka foreldra er Ingunn og Bjarte, dei er busett i Stavanger men kjem begge frå Karmøy. Gratulera så mykje til dykk både, og veslejenta ynskjast velkomen til verda!

Elles har eg vore på Regnbuelandet idag og. Eg passa på å vera seint ute, så eg ikkje skulle få nokon oppgåver. Hallo liksom. Kva var det eg prøvde å innbilla meg?! Det fyrste eg høyrer når eg kjem inn er "PASS DEG FÅRR HU DER!" Det er Andreas, syskenbarnet mitt som åtvarar kameraten Sveinung. Som om han ikkje visste at eg var farleg! Det veit jo alle regnbogeungane! (Regnbogeungar er eitt ord eg sjølv definerer slik: Ungar som må på Regnbuelandet kvar gong, anten dei vil det eller ikkje. Dei har ikkje noko val - i og med at båe foreldra er der.) Og både Andreas og Sveinung er regnbogeungar. Fem på 11 (Regnbuelandet byrjar kl 11.00. Ca.) var eg så lur at eg spurde nokon om kvifor det ikkje var ein PC som stod klar med alle sangane og slikt noko. Det hadde tydeleg ingen tenkt på, så den vart funnen medan eg vart sendt opp for å ta kopiar av programmet. Eg vart sjølvsagt sitjande bak PC-en for å styra EasyWorship. Noko som i og for seg var heilt i orden, sidan eg hadde høghæla sko, og det er ikkje så lett å hoppa og dansa og slikt noko med dei, så eg hadde ein grunn til å sitja i staden. Heilt greit. På gruppene hadde nokon brukt farga melis på peparkaker. Så medan alle foreldra evaluerte, gjekk ungane til åtak på restane. Anni hadde til slutt blå melis over heile den kvite strømpebuksa, Jonatan sørgde for å vaska plastposane som melisen hadde vore i medan Aksel Johan og Eline spela Mission Impossible på piano. Harald gjorde sitt beste for å terga dei resterande regnbogeungane på meg, men det var mislukka. Han endte opp med å springa rundt med ein hale av regnbogeungar sjølv. Koseleg! Eg har ein blå melis-flekk på skjørtet mitt eg og.

Off we go! G2.

Ingen kommentarer: