torsdag 14. desember 2006

Slemme Pluto?!




Starten på ein ny serie på tv2 idag: Hadesprosjektet. Basert på ei bok av Robert Ludlum. Skal vurdera å lesa den. Ordet "hades" lydde kjent i mine øyrer. Eg vreid hjernen for å finna kva for ein religion som hadde dette namnet på dødsriket. Det var ikkje norrøn mytologi. Det har eg trass alt lært mykje om dei siste dagane. Det gjeld å finna nytteverdien i sjølv merkelege adventskalenderar på fjernsynet. Så, eg sjekka wikipedia. Hades er altså den greske dødsguden. Eg var inne på noko! Det eg ikkje visste, eller eventuelt hadde gløymd/fortrengt, var at Hades også vart kalla Pluto. Det trur eg ikkje at eg hadde lyst til å vita.
For øvrig er Hadesviruset ein mutasjon av Ebolaviruset. Og helten har eit åsyn som liknar litt for mykje på ein annan som skulle redde verda frå biologisk terror. I alle fall USA. Og vi snakkar sjølvsagt USA i tilfellet Hades og. Yep. Jack.

Ingen kommentarer: