fredag 22. desember 2006

æksjen på kærmøyne

I dag morgon var det verkeleg ting som skjedde i distriktet. Ikkje veit eg kva det var, men eg var vitne til litt av kvart!

Fyrst, på veg til Trålbøteriet sto det ein ambulanse utanfor legekontoret til Rismyhr. Så på veg nordover, i rundkjøringa ved Amfisenteret sto bilane i kø i alle retningar. Ein bil sto sånn midt i rundkjøringa (ikkje oppå midten men han sperra for ein del bilar). Eg trur eg såg ein annan bil som blinka med varsellysa og. Så det hadde nok vore ein krasj.

Like etter Brekke-brekkå kom brannsjefen med blålys. På Bygnes kom ein politibil med blålys. Og sist men på ingen måte minst kom ein skinande gul ambulanse med blålys på Håvik.

Ingen kommentarer: