http://www.dr.dk/Nyheder/Indland/2006/12/19/214556.htm
onsdag 27. desember 2006
fredag 22. desember 2006
æksjen på kærmøyne
I dag morgon var det verkeleg ting som skjedde i distriktet. Ikkje veit eg kva det var, men eg var vitne til litt av kvart!
Fyrst, på veg til Trålbøteriet sto det ein ambulanse utanfor legekontoret til Rismyhr. Så på veg nordover, i rundkjøringa ved Amfisenteret sto bilane i kø i alle retningar. Ein bil sto sånn midt i rundkjøringa (ikkje oppå midten men han sperra for ein del bilar). Eg trur eg såg ein annan bil som blinka med varsellysa og. Så det hadde nok vore ein krasj.
Like etter Brekke-brekkå kom brannsjefen med blålys. På Bygnes kom ein politibil med blålys. Og sist men på ingen måte minst kom ein skinande gul ambulanse med blålys på Håvik.
kjem eg i hamn!?
Eg har ikkje tid til å gjera meg ferdig med julegåvene.
Eg og Gunn June fekk julekort av Aksel Johan. Dei har drive med finskrift på skulen, han hadde skrive "Glade jul" med blekk og penn! Det var flott. Eg hadde mest sansen for Aksel Johan si tolking av siste linja:
"Lønning iblant oss igår"
God jul!
tirsdag 19. desember 2006
Snart er det jul!
Det tyder at eg byrjar å få det usannsynleg travelt. Som vanleg ved desse tider har eg utallige håndarbeidsprosjekt på gong, som alle helst skal vera ferdige til juleaftan. Lukke til.
mandag 18. desember 2006
søndag 17. desember 2006
Babyland!
Denne meldingen fekk eg kl 18:13 igår frå Bjarte Mjølhus:
"Haha :p
Gjett kin som e blitt pappe da, og gjett kass kjønn d blei.. :D Joda, klumpen ligge pakkt inn i rosa teppe.. Dæ for et mirakel, me e pigede foreldre.."
Dei nybaka foreldra er Ingunn og Bjarte, dei er busett i Stavanger men kjem begge frå Karmøy. Gratulera så mykje til dykk både, og veslejenta ynskjast velkomen til verda!
Elles har eg vore på Regnbuelandet idag og. Eg passa på å vera seint ute, så eg ikkje skulle få nokon oppgåver. Hallo liksom. Kva var det eg prøvde å innbilla meg?! Det fyrste eg høyrer når eg kjem inn er "PASS DEG FÅRR HU DER!" Det er Andreas, syskenbarnet mitt som åtvarar kameraten Sveinung. Som om han ikkje visste at eg var farleg! Det veit jo alle regnbogeungane! (Regnbogeungar er eitt ord eg sjølv definerer slik: Ungar som må på Regnbuelandet kvar gong, anten dei vil det eller ikkje. Dei har ikkje noko val - i og med at båe foreldra er der.) Og både Andreas og Sveinung er regnbogeungar. Fem på 11 (Regnbuelandet byrjar kl 11.00. Ca.) var eg så lur at eg spurde nokon om kvifor det ikkje var ein PC som stod klar med alle sangane og slikt noko. Det hadde tydeleg ingen tenkt på, så den vart funnen medan eg vart sendt opp for å ta kopiar av programmet. Eg vart sjølvsagt sitjande bak PC-en for å styra EasyWorship. Noko som i og for seg var heilt i orden, sidan eg hadde høghæla sko, og det er ikkje så lett å hoppa og dansa og slikt noko med dei, så eg hadde ein grunn til å sitja i staden. Heilt greit. På gruppene hadde nokon brukt farga melis på peparkaker. Så medan alle foreldra evaluerte, gjekk ungane til åtak på restane. Anni hadde til slutt blå melis over heile den kvite strømpebuksa, Jonatan sørgde for å vaska plastposane som melisen hadde vore i medan Aksel Johan og Eline spela Mission Impossible på piano. Harald gjorde sitt beste for å terga dei resterande regnbogeungane på meg, men det var mislukka. Han endte opp med å springa rundt med ein hale av regnbogeungar sjølv. Koseleg! Eg har ein blå melis-flekk på skjørtet mitt eg og.
Off we go! G2.
torsdag 14. desember 2006
Slemme Pluto?!
Starten på ein ny serie på tv2 idag: Hadesprosjektet. Basert på ei bok av Robert Ludlum. Skal vurdera å lesa den. Ordet "hades" lydde kjent i mine øyrer. Eg vreid hjernen for å finna kva for ein religion som hadde dette namnet på dødsriket. Det var ikkje norrøn mytologi. Det har eg trass alt lært mykje om dei siste dagane. Det gjeld å finna nytteverdien i sjølv merkelege adventskalenderar på fjernsynet. Så, eg sjekka wikipedia. Hades er altså den greske dødsguden. Eg var inne på noko! Det eg ikkje visste, eller eventuelt hadde gløymd/fortrengt, var at Hades også vart kalla Pluto. Det trur eg ikkje at eg hadde lyst til å vita.
For øvrig er Hadesviruset ein mutasjon av Ebolaviruset. Og helten har eit åsyn som liknar litt for mykje på ein annan som skulle redde verda frå biologisk terror. I alle fall USA. Og vi snakkar sjølvsagt USA i tilfellet Hades og. Yep. Jack.
onsdag 13. desember 2006
Rosa gjenomsiktig linjalsett! Vakkert... Kva den andre kalenderen inneheldt har eg allereie gløymt så det var nok ikkje like estetisk.
Idag har eg hatt min fyrste arbeidsdag som G4S-tilsett. På ID-kortet mitt står det at eg er "ompofilerings ansvarlig". Inkje mindre enn to trykkleifar der altså. Eg har vore inne på alle kontora hjå Karmøy Lensmannskontor. Og nokre andre rom. Ein politibetjent lurte på om eg kunne ta ein svart hund med meg attende til Falken. Men det kunne eg jo ikkje!
Eg skar meg litt på venstre tommel.
Juleutgåva av Åkra Kyrkje Menighetsblad (eller kva det no heiter) er kome.
Ingunn får snart baby!!!!!!!
tirsdag 12. desember 2006
Vikeplikt i Åkrakrossen!?
Adventskalenderen har mykje rart innhald for tida, bileta kjem på totli.fotoknips.no. Ingen dato er fastsett for publiseringa. Eg har no to adventskalenderar. Utanom sjokoladekalenderen. Den skal eg gjera ende på neste år. Men eg har i tillegg fått ein ikkje-berre-rosa adventskalender. Med mellom anna ei dagbok i ei øskje som kan spela musikk. Men når eg får den til å spela musikk, høgt og kvinande, den fyrste strofa av Für Elise om att og om att med berre 3 eller 4 feil, får eg den ikkje til å stansa att. Då må pappa juksa litt. Så den musikken skal ikkje spelast fleire gonger.
Eg har måla pauserommet på Stemnestaden. Eg er kvit på heile den høgre armen. Stakkar. Og eg har vore på konsert for min neste med Oslo Soul Children, Skudenes Soul Children, Road Service og Maren Flotve Birkeland. Og eg har vore på konsert med Nordic Tenors. Og eg har vore på Regnbuelandet! Og ungdomsklubben. Og ikkje Royal Rangers. Og eg har lese litt. Og sortert Donald-blader. Og spela Risk. To gonger. Ein gong med aktive og ein gong med passive nøytrale hærar. Og strikka litt og perla litt. Og ikkje hatt nett på PC-en, men no har eg nett på PC-en!
Og eg har høyrt mykje på P1.
tirsdag 5. desember 2006
4.5.desember
Orsak! To postar vert slått saman men det skal gå greit.
Det viktigaste fyrst: I den rosa adventskalenderen min fann eg i går garn. Knallrosa sådan. Kven vil ha knallrosa ullsokkar til jul?! I dag: Babyrosa hanskar! Det var fint, for eg hadde berre knallrosa og rosa/brun-stripete frå før. Glimrings!
I går fekk eg strikkedilla. Den har fortsett til i dag. Men i dag må eg og pakke til jul. Og det er ikkje ein enkel sak! Sykkelen min som har stått ute i regn og vind og det som verre er i nokre månadar har eg no klart å setja ned i boda. Godt jobba! Kulturtime med musikklinjekoret pluss M3 i ein utvida lunsjpause på skulen idag. Gløgg!! Det var bortimot fullt! Stas! I morgon er det test i gehør og JULEFERIE!!!! Kl. 14.00 set eg meg på bussen og når eg kjem heim skal eg vera med litlebror på avslutninga til Royal Rangers på Speidarplassen. Ryktene seier at det vert grautservering.
I kveld er Greys Anatomy på fjernsynet.
søndag 3. desember 2006
Tabula Rasa
Godt nytt år!
Nei, eg har aldeles ikkje gått frå konseptene! Idag er fyrste sundag i advent, og det tyder starten på eit nytt kyrkjeår! Hurra for den! No kan du starta på nytt med Gud! Blanke ark og slikt noko. Det kan du vel kanskje kvar dag i året eigentleg, men det er noko spesielt med eit nytt år likevel. Halleluja!
Det var ein roleg sundag idag. Rannveig drog til Ytre Arna etter konserten med Senit (biletet over) og Laudate (felleskoret under) i Betlehem igår aftans.
Etter konserten (som forsåvidt Tone Underhaug spanderte på meg) gjekk me på McDonalds av di Rannveig så gjerne ville spandera ein McFlurry på meg. Og det sa eg ikkje neitakk til. Med NonStop. Og LOKK!!
Dette er Tone Underhaug.
Du ser på Mona og Gunhild.
Iallefall, sundag. Dagens adventskalendergåve:
Er det mogleg!? Fantastiske folk! Eg ynskjer meg eit slikt headset. Det var knakande fint! På innsida av coveret er det ein (tilnærma?! kor fann de den??) fagleg tekst om kva rosa støy er. Det er faktisk all musikk! (Nesten. Bach, indisk raga og Beatles kjem innanfor.) Og veldig mykje anna. (Til dømes solflekkaktivitet og veksten i årringar på tre..!!??) Diggbart! Og kvifor er det rosa? Det ligg jo mellom kvit og brun musikk, så det er jo heilt sjølvsagt!
Innhaldet:
1. Rosa sangen
2. Pink Panther
3. Rosa helikopter
4. Pink Floyd
5. Pink
6. Pink - Aerosmith
7. Rosa
8. Rosa badeball
9. Pinky and the Brain
10. Jeg er Pinky
Eg elskar Rosa Panter! Det har eg alltid gjort! Eg hadde ein stor oppblåsbar plastikkfigur av Rosa Panter då eg var liten. Han var like stor som meg.
Og så har eg hengt opp julestjerne i vindauget mitt og pynta med englar. Og vore på gudstjeneste i Norkirken. Det var maaange folk der idag og alle vart att til kyrkjekaffi og støynivået var altfor høgt.
Gud velsigne deg!
lørdag 2. desember 2006
2. desember
I Rogagaten 1 har me kvar vår sjokoladekalender. Den til venstre er Rannveig sin og den til høgre er min. I midten er "Jul i Svingen"-kalenderen, den er Rannveig sin. Desse adventskalenderane skal prega kjøkkenveggen i desember. Det vil seie, min sjokoladekalender tar eg sannsynleg med meg heim til Åkra på onsdag.
Dagens adventskalenderinnhald. Det høyrer og til ein melding som tikka inn frå Signe idag tidleg:
"Å, gid jeg var en rosa elefant,
å, gid jeg var en rosa elefant.
Var jeg en rosa elefant,
da tenkte du på meg iblant,
å, gid jeg var en rosa elefant!"
Rannveig har aldri hatt sånn plakat med sånne klistremerker som du kan flytta rundt på. Så Rannveig vart overstadig lukkeleg (er det et uttrykk eg har dikta nett no?) då ho oppdaga kva som følgde med i "Jul i Svingen"adventskalenderen ho fekk igår.
Idag er det bakedag i Rogagaten 1!
fredag 1. desember 2006
1. desember
Eg har fått ein adventskalender. Ein rosa adventskalender. Utan avsendar. Takk til den/dei som har gitt meg denne, eg set stor pris på det! "Pink is not just a color it's an additude" står det på kortet.
Det eg ikkje likar er at nokon har gitt meg ein adventskalender utan at eg har hatt høve til å gje ein att sidan eg ikkje visste at den kom. Rannveig vekte meg med den idag tidleg. Det er ikkje ho. Seier ho. Og eg trur det. Så er spørsmålet: Kven er det?!
Mine logiske ressonement har for vane å ha ein logisk brest eller to, så noko slikt følgjer ikkje. Dessutan er det flaut om eg ikkje skjønar det. Kanskje. Eller kanskje var det meininga og for alt eg veit. Rannveig har gjeve meg to hint (som for øvrig ikkje hjalp det grann): "De e i alle fall nåkken så har såve hos åss, de e no heilt sikkert!" "Hadde nåkken av dei klart de åleine?"
Har du eit tips?
Eg har mine mistankar. Berre så det er sagt.
Ha ei god og velsigna adventstid alle og einkvar!!
onsdag 29. november 2006
Nikon D40
mandag 27. november 2006
the gospel
På laurdag hadde me besøk i heimen. Av Ida og Mona. Frå BiG. Me lagde julekort. Og såg film. The Gospel. Standard kristen film. Sønnen til presten stakk av og vart megarockestjerne, kom attende til kyrkjelyden og vart kristen att. Det store sjokket var at filmen enda med ein konsert med mellom anna Yolanda Adams. Å? Var ikkje det overraskande? Nei, då så. Men det eg eigentleg skulle fram til med denne filmen var at eg lærte 3 nye ord av den. "Godlyd". Som i "Make a joyful noise!" = "Gi en godlyd!". "Glorverdig". Som i "Glorius!". Eg kan ikkje på nokon måte sjå at ordet glorverdig har ei positiv tyding. Men men. "Infoklame". Som i "Infomercial". Kan forsåvidt skjøna kor det kom frå, men tykte det var eit merkverdig ord.
I veka som var har klassen vore på folkemusikk-kurs på Ole Bull Akademiet på Voss. Det var stas! Eg og Kristin Pettersen vann stevtevlinga på torsdagen! Fine greier!
Snart er det jul, folkens!
fotoknips.no
tirsdag 14. november 2006
Bingo
Dette er Bingo. Han er den viktigaste bamsen min. Eg har framleis nok fingrar til å telja kor mange netter eg har måtta sovna utan han.
Bingo vert omlag 5 år til jul trur eg. Kanskje 6, kanskje 4, men eg trur det er 5. Eg fekk han altså til jul for nokre år sidan, av Lindbjørg og Harald Moi. Nei, dei er ikkje gifte, men dei er sysken. I tillegg fekk eg et putevar med Ole Brumm på.
Dersom du ser djupt inn i augo på Bingo, kan du sjå at det er det rette namnet hans.
Eg er glad i deg, Bingo!
onsdag 8. november 2006
Gud skapte oss! Ja!
"En gruppe norske fysikere har vist at egenskapene til universet kan forklares uten hjelp av mystisk "mørk energi". Det innebærer i så fall at vi bor i universets sentrum."
Eg vart kjempeglad då eg leste dette! Det tyder jo at eg er nett så viktig som Gud heile tida har prøvd å innbilla meg... Me er krona på verket! Sjølvsagt er me i sentrum av universet! Gud er då ikkje så dum at han plasserer det aller beste Han har skapt i ein fjern utkant. Neidå!
Dessutan:
"Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han. Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er." (1. Joh. 3:1-2)
Ha ein velsigna kveld/dag i Guds åsyn!
mandag 30. oktober 2006
Nødlanding
Eg gjev meg ende over! Verkeleg. Visste du at ungane har sin eigen versjon av "Lost"? Jaudå. Serien heiter "Nødlanding" og går på NRK på ettermiddagstid. I løpet av dei fyrste 5 minuttane hadde eg rukke å sjå folk som var "lengre vekke enn nokon av dei andre hadde vore", og som lurte på om dei burde plante ein frukthage, sidan dei ikkje visste kor lenge dei kom til å måtte vere der, sitat som "We're not alone", dei robba flyet som altså då hadde naudlanda på ei aude øy midt i stillehavet, ein kar som prøver å fiksa radioen, som og veit alt som er å vita om nokon ting, ei utruleg dum og lite samarbeidsvillig blondine, ein "sjef" som nokon likar og andre ikkje, og alt det andre som høyrer til. Og sjølvsagt var det ikkje alle frå flyet som var saman på stranda der dei hadde laga seg ein leir. Men det beste av alt var at i beste "Robinson-stil" kjem det pausar der dei ulike skikkelsane fortel om følelsane sine til kameraet. Fascinerande...
onsdag 25. oktober 2006
gaia - for deg og miljøet
det å ta buss i bergen kan til tider vera ei nokså interessant oppleving. for tida tek eg kvar dag mule-bussen. linje 5. den går frå 100 m oppi bakken her til like utanfor skuleporten på krohnengen. vegane i området er små og trange. det hender både titt og ofte at ein stakkars bilist må rygge for å sleppe bussen forbi. men dette er ikkje alltid like lett! til dømes hender det at dei som skal rygga gløymer å sjå om bilen bak og får med seg at han må rygga. det var ein som dunka borti ein annan her ein morgon. men eg trur ikkje det vart nokon skade. men det morosamste synst eg, var då bussen møtte ein annan buss på denne vesle tronge vegen. ingen av bussjåførane hadde lyst til å rygga rundt svingen. det var nemleg sving i begge endar av dette smale vegstykkjet. så min buss kjørte oppå fortauet. kjempeartig! og ein morgon var bussen så full at han køyrde forbi 3 stoppestader utan å sleppa folk på! då er det fullt på bussen då. men elles er det heilt greit å ta bussen.
eg og resten av praksisgruppa mi (som for øvrig består av isak og stian) har bygd ein moske. me underviser om islam i krl for femte trinnet, og fann ut at dei skulle byggje ein moske av papir. så då måtte me byggja ein som dei kunne sjå etter. eg tykte han vart veldig fin. stian fjerna eplene før vi viste han for gruppa... (det som no heiter gruppe er det som vi alltid og til alle tider har kalla klasse før. dustete kunnskapsløftet!) men med eplene var det jo ein eplemoske! (legg merkje til det fine ordspelet som kom heilt av seg sjølv... frå meg! : eple-moske eller eplemos-ke... hahahahahahaha!!)
og som så ofte før kjem også her eit innspel frå forskning.no:
Forskning som bringer latter
Årets Ig-Nobel-vinnere inkluderer analmassasje mot hikke, en forklaring på hvorfor hakkespetten ikke får hjernerystelse, og en dings som skremmer bort tenåringer.
les resten her.
sola skin og verda er fin.
ha ein god dag i Guds åsyn vener!
mandag 23. oktober 2006
ambivalent
det er eit ord eg tykkjer høver godt som overskrift. ikkje naudsynleg til dette innlegget, men generelt eit godt overskriftord.
GospelSambandet er kjekt. eg burde sove for lenge sidan men slik vart det ikkje.
eg tar opp til vurdering om eg skal oppgradera til beta. innspel?
Guds fred til alle og einkvar!
mandag 16. oktober 2006
flaten!
Trond Nagell Dahl skal selgja eit B3. Eg kan ikkje anna enn å gå ut ifrå at han snakkar om eit Hammond-orgel. Her sit ei jente som ynskjer seg eit Hammond-orgel av typen B3!
Men ein kan liksom ikkje berre reisa til Oppland for å kjøpa seg eit Hammond-orgel utan å tenkja seg om to gongar. Minst. Eit piano må nok desverre vera fyrste pri. Filler.
Også Nagell då!
lørdag 14. oktober 2006
hallo på ein lordag
snart ein dag ska eg gidda å legga ut bilder på flickr ijenn for d e lenge sie. men ikkje idag for idag ska eg rydda romme mitt å baka kjeks å jedna spøta litt. eg har lyst å gå på kino. kan nogen plis ta meg me på kino? rannveig sa d ikkje va noge kjekt så jekk da. men d e kje så nøye. film er best på kino. Ü
Guds kjærleik til dykk alle!
tirsdag 10. oktober 2006
onsdag 27. september 2006
tirsdag 26. september 2006
FSM/IPU
Kva skjer når Kansas vedtek å droppe evalusjonsteorien i skulane til fordel for kreasjonisme eller intelligent design? Jo, Bobby Henderson vert irritert, skriv eit ope brev til staten Kansas, og grunnlegg samstundes ein ny "religion": Pastafari; trua på The Flying Spaghetti Monster. Hilarious! Det er beint fram noko av det morosamste eg veit å lesa om! Wikipedia har sjølvsagt skrive om saka her. Artig!
Navnet Pastafari speglar på orda pasta og rastafari. Eg har jo høyrt om rastafari før, men innsåg plutseleg at eg har jo ingen aning om kva det er! Eg tenkjer på Jamaica å Bob Marley og dreads når eg høyrer ordet, men det var så langt eg kom. Wikipedia er ein fin ting. Her fekk eg læra at rastafari er ein religion/filosofi som har opphav i trua på at ein Etiopisk keisar er inkarnasjonen av Messias. Før han vart krona var namnet hans Ras Tafari Makonnen. Derav rastafari... Men så var det Jamaica. Det var nemlig fyrst då dei kom hit at afrikanarane skjøna kor stor denne einaste monarken i Afrika var, han vart jo trass alt kalla Kongenes Konge og Herrenes Herre og slikt noko! Her kan du lese meir.
Og når eg allikevel er inne på slikt noko, må jo the Invisible Pink Unicorn nemnast. Atter ein gong skuldar eg Wikipedia ein stor takk som har innvidd meg i nye lærdomar. Der ja. Ateistar tykkjer nemleg at vi som trur at det finst ein Gud er nokså dumme. Og når vi fortel dei om vår tru, så høyrest det om lag likt ut for dei som når dei fortel om deira eventuelle tru på den Usynlege Rosa Einhjørningen.
Altså, ein takk til Wikipedia og alle som lagar religionsparodiar!
onsdag 20. september 2006
A place called freedom
Stem på Mosaic i Kjempesjansen på NRK! Send 5 til 26600! Gjer det no!
Eg er sjuk. Ja, du får lov til å synast synd på meg. I går hadde eg nok ein del feber, i dag litt mindre trur eg, nasen er så pottetett som han berre kan få blitt, halsen er heller ikkje heilt god, betre frå i går då, men ikkje bra, hovudet er ikkje heilt med på leiken, og på toppen av kransekaka trur eg ein visdomsjeksel er på veg. Sukk og snufs.
Men, det eg eigentleg ville skriva ein post om var denne gode boka av Ken Follett. På den tidlegare nemnde hytteturen klarte eg utruleg nok å få tid til å lesa ei bok. Ikkje ei heil bok. Det var ein god samling bøker på denne hytta ute på Stolmen, og eg valde meg ei på engelsk. Eg likar godt å lese på engelsk. Og når det er noko eg ikkje forstår så er svaret berre ei melding borte. Arnfinn kan alt. Men altså, denne boka. Ho handlar om førehalda blant slavar og liknande i Storbritannia og Amerika på slutten av 1700-talet. Eit beskrivande sitat: "As Jay said, God intended some men to be masters of others". Så har me og den delen der Lizzie, hovedpersonen, skal føde. Jenta ho får er dødfødt. "At first he (mannen hennar) had been angry. He had railed at Lizzie, (...); but his rage had evaporated when he learnedthe baby had been a girl, (...) ". Elles finn eg litt for mange sex-scenar som er litt for nøye beskrivne, men det kan ein til nøds bera over med, det er ei god bok. No er det ikkje sikkert at Ken Follett har rett i alt han skriv om slavar, rikfolk og retter, men eg tykkjer det verkar truverdeg (var det eit merkjeleg ord eller?). Og så er det sjølvsagt nokre litt meir morosame utsegner som "That afternoon she took a bath. This was a complicated business(...)"
I dag fekk eg e-post frå Norsk Målungdom. Det eg la merkje til der var nynorskvarianten av det som på bokmål vert kalla ein debatt; ordskifte. Godt ord!
tirsdag 19. september 2006
Forskning på fulle bananfluer
I helga har me vore på ein heilt herleg hyttetur med klassen! Ytst på Stolmen på Austevoll. Nyyydeleg ver å fin hytte og fint hav. Me har køyrd båt, både med motor, med årar og med segl (eg styrte fokken... flink jente!), me har fiska (eg fekk ein lyr og ein makrell, til saman fekk me 7 lyr og den eine makrellen min, til tross for at det krydde av makrellstimar rundt både oss i båten og dei på holmen), dei andre har bada (ja, eg er pingle. dessutan har eg vore litt halvgroggy ei stund og ville ikkje ta sjansen), me har nesten sola oss, nokon sov ute, me har spelt mengder av spel og høyrt alle historiane om båtar og skattar og brugdefiske og namna åt alle holmane og skjæra utanfor. Og sjølvsagt har me ete mykje god mat og store mengder med snacks og slikt noko. Kjempeherleg helg rett og slett! På turen heim måtte me slosst med bagasjerommet på bilen, venta litt for lenge på ei ferje avdi den fyrste ikkje ville ha oss med likevel, så då øvde me litt høyrelære. Flittige studentar!
Ein finn så mykje spennande å lesa om på forskning.no! Eg vert reint overraska kvar gong eg tek turen innom. No er det til dømes ein brite som har funne ut at det er ein samanheng med utdanning, lønnsinntekter og musikksmak! Slå den du!
Einaste brusen eg kan drikka utan å rista ut kolsyra fyrst er coca-cola. Forstå det den som kan. Eg har jo aldri likt cola eingong!
Denne blogger vert berre meir og meir merkeleg.
I går prøvde eg å fortsetja på kaffidrikkekuren min. Det vart ein total fiasko. Eg kjøpte ein mocca. Vanleg. Utan ekstra sjokolade. Katastrofe. Etter 3 store sukkerbitar klarte eg nesten å tvinga i meg ein halv kopp. Men berre nesten. Min plan om kaffitilvenjing er herved avslutta. Eg likar ikkje kaffi!! Basta! Heretter vil eg halda meg til kakao og te.
Takk for meg og Gud velsigne deg!
mandag 11. september 2006
It's hard to be a rock'n roller
Tor Heine, ein av hovudfigurane i filmen, og i bandet Merkesteinane frå Sunnmøre, sa det slik: "Det er det som tingen for meg no, det er å vere populær. For ein er berre populær ein gong i livet, og det er jo det eg er. Når ein er populær... Det er då ein vert... akseptert." Arild var derimot meir bekymra for å måtta skriva autografar i hytt og gevær, samt å måtta gje tv-intervju i alle retningar. Då er det viktig å ikkje miste haudet...
Mamma, pappa og litlebror var her fredag-laurdag. Det gav seg utslag i ny ikea-hylle, omn i stova og laserskrivar, samt ein tur på Akvariet. Det var jo rektig så koseleg!
Sånn elles så var divisi i Bergen i helga. Konsert i Betlehem på laurdagen og framføring av ei utruleg fin messe i Domkirka på sundagen. Mhm. Dei eg kjende der var dirigent Jostein Myklebust, Håkon, Øyvind, Elisabeth og Åshild. Følte meg bra då. Oscar Jansen rula tangentane for å sei det fint. Og Jango på trommene er jo berre bra.
mandag 4. september 2006
Baby nr 1
Kjersti vant. Det skulle berre mangla. I går kveld kl 23.15 fekk ho ei lita prinsesse på 49 cm og 2880 g! Hurra for det!
Eg var tørr midt oppå hovudet då eg kom heim frå skulen idag. Eg likar ikkje konseptet med skulesekk. Ein svettar så grasalt på ryggen av det. Eller, kanskje ikkje så grasalt då, det kan eg jo ikkje seia, for då vil jo ingen vera ven med meg. Men eg skal ta ein tur i dusjen så går det nok bra.
Rannveig laga middag åt meg i går. Lauvsteik og fløytegratinerte poteter.
Hjelpe meg, kva er det eigentleg som feilar blogger for tida då? Orda på slutten av linja vert jo delt opp heilt på villspor!? Korleis kan eg få blogger til å slutta med å øydeleggja tekstane mine?!?
søndag 3. september 2006
GospelSambandet har hatt øvingshelg på Kvås.
Og det inkluderte ein interessant konsert. Det var tôrevêr. Under fyrste songen gjekk straumen, alle fjortisjentene som høyrte til på eitt-eller-anna ungdomsmøte-konsept i Lyngdal hylte av sine lungers fulle kraft, men me fortsette å synga. Og musikarane spela utan lyd. Og då straumen kom attende var vi akkuratt der vi skulle. Kjempekjekt!
God internatmat og kvart vårt rom. Framføring av "Rezpeckt". Ny artig song. Gjestedirigent. Brae folk! Det er så godt å synga med GS, for det er lyd frå fyrste oppvarmingstone! Eg gløymde kameraet mitt då. Tømde kortet for bilete før eg reiste, men la det att på skrivepulten då eg reiste.
På fredag vandra eg rundt i Markens gate i Kristiansand. Eg hadde inga kontakt med omverda samt lita aning om kva klokka sa, for mobilen var tom for batteri. Så eg sat på ein benk og las. Ein mann på 80 år, Torbjørn Hylting, (ca) spurde om han kunne setje seg ned. Han lurte på kva eg las, og om det var morosamt. Morosamt er vel ikkje det rette ordet, men det er spanande, svara eg. Det var det beste han hadde høyrt den dagen, det var veldig godt sagt, og eg var ei bra jente og forsto kva han sa og eg veit ikkje kva. Så eg preikte med han i ein halvtime eller noko før den reddande engelen Miriam som og går i GS kom forbi. Alejandro Fuentes kom gåande forbi. Han frå idol. Og ein mann i styggtrang damejeans og cowboyboots. Ekkelt. Berre ekkelt.
Men då eg fauk frå Flesland til Kjevik såg eg eit kjend andlete som kom oppi flyet. Eg visste at alle andre garantert visste namnet hans og slikt noko, men eg klarte ikkje å grava det fram. Eg såg han føre meg med ein gitar og ein mikrofon då. Ikkje at eg veit om den gitaren var eit produkt av min eigen kreativitet eller kva. Men idag (sundag) las Are i lokalavisa han fann på Kvås, og då las han blant anna høgt at Åge Aleksandersen hadde hatt konsert i Kristiansand. Og då gjekk det opp for meg kven eg fauk med.
Ein annan gong fauk eg med Idol-David. Men det hadde eg ikkje visst, dersom det ikkje var for at eg kjende pianisten hans og sat og preika med han på flyplassen før vi skulle reise. Han måtte peika David ut for meg.
Neste gong skal me til Oslo.
GospelSambandet på nett
onsdag 30. august 2006
Folkens!
Den vesle jenta har vorte vaksen! Eg var på kafé med Kathrine (har gått i KorInter, skal verte dokter)(ja, det er faktisk tillate å skrive dokter med e på nynorsk; tru det den som kan!) og fann ut at no skulle eg slå på stortromma og ta ein kopp kaffi. Så eg sa til dama bak disken (me fann ikkje heilt ut kva tittelen hennar var, det er jo meir enn berre servitrise, sidan ho lagar kaffien (okei, ikkje kvar einskild kaffibøne då, men du tek kanskje poenget!?), det er visstnok omlag på linje med konditor og slikt noko): "Kva vil du anbefale for ei som eigentleg ikkje likar kaffi, men har tenkt å byrje ein tilvenningsprosess?" "Mocca." sa dama. Så eg fekk ein mocca. Med ekstra sjokolade. Trur eg kan kalla det ein nybyrjarmocca. Det var ikkje så gale som ein skulle tru. Eg er litt stolt av meg sjølv no! Margot tykte ikkje noko om det. Ho om det!
Lesarinnlegg i Dagen:
Et spørsmål uten svar
Det startet med Big Bang - sier de lærde.
Før det? - spør de vise.
Kanskje en gud eksperimenterte - og var svært uheldig - tenker jeg.
Det var Erling Andersen frå Kattem som tenkte slik.
mandag 28. august 2006
Eg likar ikkje Oslo by.
Og det gjer heller ikkje Autofil-Larssen. Slik verkar det i alle fall. Han er sitert i Dagen:
"Det beste med Oslo er å reise derfra."
fredag 25. august 2006
RESZPECKT!!
Nedadstående er saksa frå Gospelsambandet sitt interne forum på nettsida vår. "Jeg"-personen i utdraget heiter Are Heiseldal, kjent frå sportsnyhenda på TVNorge. Men ikkje no lengre. Han skal bli folkehøgskulelærar. Nokre gonger minnar han om Toska. Både han og Harald Eriksen er med i Gospelsambandet. Bra karar! Dei har msn dei som alle oss andre. Dette språket som dei har utvikla seg imellom er inspirert av aust-europearar som freistar snakka norsk. Trur eg.
Og så: Jeg og Harald 'Janosc' Eriksen har ganske interessante diskusjoner på msn om dagen. Jeg tenkte å gi dere et lite innblikk i det. Diskusjonen startet med et videoklipp av en fyr som demonstrerte hvordan man kan spille sekstendedeler på et trommesett (det hørtes omtrent sånn ut: bam takka-ta-ta pss pss ka-ta-ta bam takka-ta-ta pss pss ka-ta-ta) og som et lite hint på veien så kan jeg røpe at første replikk har med Jørn Hoel å gjøre. Hele replikkvekslingen vil bli fremført muntlig i Kvås (eller Chwoszh som det nok heter på dette språket).
@re (ny og bedre) sier:
do chan yo prof oh fo Yohrn Chohel tyil å szinka Char eiyhn trom met den tackht
Harald Eriksen sier:
Njet det plihr szom horra Osze Clyefvlahnt sink eyin cherr met parth met Szyinedinj Szidanyj szom trom met chod szit po eyin olyij-faht fra Yitalyia.
@re (ny og bedre) sier:
Yinthreszchant szeyhtniynkh
Harald Eriksen sier:
Fatr do ikj?
@re (ny og bedre) sier:
Chwa met Nohrah Prockhszteth szom szyinkh Woyh Woyh, lankht opphi fhiyelleh
@re (ny og bedre) sier:
mensz Mahriy Poiyhne szpiyehl po den riuohnebohm pahm thackha-tha-tha pszsz pszsz kha-tha-tha pahm thackha-tha-tha pszsz pszsz kha-tha-tha
Harald Eriksen sier:
Ckor lahngk tit do troh fohr me kan ckall eyin eyigenh szprohk? Ek troh ikjyi nokhn antr po mek ogk dek forszto kwa *** (szenszohriyehrt - pekhlagh!) me szkriwf?
@re (ny og bedre) sier:
ek truwhr den chad wohre eiyhn liyten pit szohreahlyisztiszchk
Harald Eriksen sier:
Pra ordt.
@re (ny og bedre) sier:
takchk
@re (ny og bedre) sier:
ek ehr eynichk
@re (ny og bedre) sier:
chwa met wi szchkrif eiyhn prief po Nohrge Szprohkroth ok szpohr?
@re (ny og bedre) sier:
Yehler chanszkhye Insztithouth fohr Liynchkwisztyikh po den Plintern?
Harald Eriksen sier:
Njet, di troh gkaranhtyerth det ar eyin bryiewfbohmb fra Oszth-Eurohpa
@re (ny og bedre) sier:
ah. Eiyhn poenkh po dek
Harald Eriksen sier:
Ek likh foreszt den ordt "yehler". Cha, cha, cha.
@re (ny og bedre) sier:
deht mo wehr den eiyhn yehler den ahntr.
@re (ny og bedre) sier:
Wi szhkol lak den ordt liszt
Harald Eriksen sier:
Szant. Fyem poengk po dek.
@re (ny og bedre) sier:
chwa den szprokh cheiyhtr?
Harald Eriksen sier:
Dragomir, szaenk pyoae
@re (ny og bedre) sier:
ehk rahmla youht
Harald Eriksen sier:
Szprok cheiyhtr RESZPECKT!
@re (ny og bedre) sier:
ah
@re (ny og bedre) sier:
chwa do meiyhn, szaenk pyouae?
Harald Eriksen sier:
Fyem poengk
@re (ny og bedre) sier:
haha
@re (ny og bedre) sier:
reszpeckt-fhranszkh
Harald Eriksen sier:
Da.
@re (ny og bedre) sier:
ek trouhr po dek do chahr kohnkoransz po szkrifw szo wahnszklikh at ek ikkj fohrstoh.
Harald Eriksen sier:
Den ar ikjy szo langkt fra szancheyit
@re (ny og bedre) sier:
mehn ek bahr ikkj chadd iyhnsztilt mihn szprokh-ohr po den reszpeckt-fhranszkh
@re (ny og bedre) sier:
neiyh
@re (ny og bedre) sier:
ek mo pakh
Harald Eriksen sier:
Kwah met den Yideh cher: Me ckopyierh den cher tzchyiath'en owfr po den Yiem-szid po Goszplszambpandh ok szerh om nokn forszto?
@re (ny og bedre) sier:
cha cha cha
@re (ny og bedre) sier:
ek lehr
Harald Eriksen sier:
cha, cha, den plihr morszom po adl szam
@re (ny og bedre) sier:
do char eiyhn kot fohrszlakh yehler two eiyhn kankh iplanth
Harald Eriksen sier:
Diy pahre dyethr ot af mek.
@re (ny og bedre) sier:
sztoph sztoph, diy dyethr ot
@re (ny og bedre) sier:
cha cha
Harald Eriksen sier:
Szo kahn me lesza dyen oph po nor me ar szamla po neszte gangk.
@re (ny og bedre) sier:
me chanszkh mo szkrif eiyhn iyhnnliehtnink?
Harald Eriksen sier:
Ya, pra yideh.
@re (ny og bedre) sier:
cha cha, ek chan yohr den po mek
Harald Eriksen sier:
Kongk!
@re (ny og bedre) sier:
ekh lekh yihnn po dehn fohromh
@re (ny og bedre) sier:
deht pliyhr eihn ohtfohrtriynckh
- og dermed er ohtfohrtriynckhen gitt... god sommer fortsatt!!
PS: Ingerid og Maren er på vitjing.
torsdag 10. august 2006
Oppmuntring i kvardagen
Føler du deg nedfor? Treng du litt oppmuntring? Treng du ei påminning om kor mektig du er? Då går du til adressefeltet i nettlesaren din, skriv inn navnet ditt etterfulgt av .youaremighty.com
Jeg vil stå fram
og fortelle hvem jeg tror på!
Det er ingen skam
å vise det.
Jeg er ikke flau av Jesus,
nei, jeg er bare stolt av Ham!
Så her er mitt program:
Jeg vil stå fram!
Børud-gjengen
Post til meg: 4 stk CD type Børud-gjengen! (Kan kjøpast til 69,-/stk på bokogmedia.no) Lykke...
Full guff med Børud-gjengen 1 på veg til jobb idag. Full guff med Børud-gjengen i farta då arbeidsdagen var slutt. Etter middag på Liknes (Mormor diska opp med komler!) rakk eg ca 2 spor av Ole Børud. Ikkje noko problem å køyre heilt til Stemnestaden med slik musikk rundt meg, nei!
Kørner (vaktmesteren på Stemnestaden) har ein over hundre år gamal vev å selje.
Måndag er det tilbaketrekning av styrkene til Bergen. Eg klarte å finna ut at eg skal kome på skulen på tirsdag kl 10.30. Det er det ikkje mange som veit skal eg seie deg! Nokon som har litt ekstra kvitevarer?
Gud har tro på meg!
Gud har tro på meg!
Han regner meg med,
hundre prosent!
Er det rart at jeg er tent
når Gud har tro på meg?
Gud har tro på meg!
Her kommer jeg:
Gud har tro på meg!